Du leita
Doggfall i ein dal : dikt 1966.
Du leita etter kjærleiks trygd og fann di eiga lyst. Du leita etter venskaps vern og fann ditt kalde bryst. Du leita etter hjelpesmenn og fann ditt stengde sinn. Du leita etter fred og ro, men uro bad deg inn. Til sist du leita berre blindt og berre etter slutt på alt. Du tenkte: Då er allting kvitt og allting heilt betalt. Men kjem du fram til slutten, så er det ikkje slutt: Dei verk du gjorde, ropar høgt. Det du forsømte skrik av nød. På løynde vegar finst ditt spor, og berre somt du planta, gror. Det sit ein arming på vegkanten; du gav han ikkje eit godt ord. Det ligg ein sjuk stakkar på senga; du såg aldri inn til han. Det stod store flokkar som bad om hjelp; du hadde aldri tid. Dine næraste trong deg. Du lika betre å elska på fråstand. No ligg du fast på ei hylle høgt oppi fjell. Det er for bratt å klatre oppover, for høgt å hoppe ned! Sjølv kan du ikkje berge deg. Tru om nokon annan kan? |
![]() |
skrevet av Bjarne Slapgard
Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer. |
Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard. |